Where things come from
Enda ein flott video fra vimeo
Enda ein flott video fra vimeo
Eg har bestilt meg to brosjer frå etsy. Etsy er den internasjonale versjonen av epla.no der folk som lagar fine ting kan legge det ut på verdensveven for å selje det. www.papiki.etsy.com .Sjå på den fine isbjørnen og t-rexen, er ikkje dei flotte?

Isbjørnen skal eg beholde sjølv.

Det er blitt laga ein liten filmsnutt som skal gje insikt i studentlivet ved AHO. Eg syns den er flott, kva syns du?
Klassa mi skal kommande veke vere i Ålesund, ein studietur, her vi skal sjå nærmare på norsk industri. Eg reiste i forvegen og besøkte systra mi. Så her er eit bilete av byen, tatt frå Fjellstua, som er ein obligatorisk pitstop når ein er i Ålesund.

Shit bilete vart altfor lite.
Våren har komt til Oslo, jippi!

Eg såg blue valentine her om dagen og det er den vondaste og godaste (eg veit det ikkje er eit ordentleg ord, men det passar inn her) filmen eg har sett. Den gjorde så meg både varm og kald inni meg, eg veit ikkje korleis eg skal forklare det. Så berre finn fram filmen og sjå den, aleine eller med ein god venn, og pakk deg inn i eit godt og varmt teppe, for det treng du når du ser den filmen her. Eg vil ikkje seie noko om plottet, for det er nok det beste.
PS. Ryan Gosling er med, og han er stygg og fin på ein gong, berre så dykk veit det.
Eg skal heim i påska! Gleda meg til ei veke med god mat, herlege venar, familiekos, god utsikt og ikkje minst godt springvatn! Kva skal ddet gjere i ferien?

På skulen har vi eit prosjekt om formblåsing. Ved hjelp av den teknologien skal vi lage ei flaske for solo. Vi skal tenke på kva identitet solo har og ta med den merkevaren inn i forma på flaska. Sida solo ikkje har ein eigen flaske, som til dømes cola har. Her er nokre få skisser.





Ååå, den herlege våren! I Oslo har det vore ganske varmt og deilig ver den siste tida. Så no som det endeleg var helg fekk vi tid til å nyte det skikkeleg. Eg og Elisabeth var å drakk kakao på Birkelunden og møtte Thomas for å grille på taket til siloen etterpå. Det var kjempekoseleg.





Haha, eg banka deg lett Thomas!!
I dag skulle vi tegne glass. Som om å tegne ikkje er vanskeleg nok fra før, og no skulle vi tegne noko som er gjennomsiktig i tillegg.

Tegnelæreren viser korleis det kan gjerast, her på farget papir, med markertusj, kvit og svart fargeblyant.

Her er mitt bidrag. Ein blir ikkje verdensmester ved fyrste forsøk, så eg får nok øve litt, men eg tykkjar det ikkje vart så altfor gale.
22, Oslo
Ribekka er navnet! Bur i Oslo. Går på Design- og arkitektur høgskolen i Oslo òg kalt AHO. Likar å lage greier. Likar Oscar Sylte si ananasbrus. Likar å knipse bilde. Likar ting som er flott! Likar å reise på eventyr. Ellers glad i livet!
Akkurat no lagar eg øyredobbar med Elisabeth og vi sel dei på epla.no, eller du kan kjøpe dei ved å sende meg ein mail(150 kr u/ frakt).
Mail meg gjerne om dykk lure på noko: ribee.blogg@gmail.com